|
 På rekke og rad
 Første mann....

Litt kaotisk i starten på symjinga, men eg fant ein slags rytme og heldt på den. Rundane gjekk greitt, og utpå sisterunden fant eg ein å ligga bak (draft) noko som var fint på slutten. Opp av vatnet, kald, stressa. Då er det ikkje lett å få på sykkelklede. Følte eg brukte ein evighet, husk å få i deg maten, husk vindvesten, husk drikka, husk brillene. Fullt fokus for å klara alt når ein ikkje har hjelpemannskap til å huska for meg. Starta sykla etter 1:19 som nummer 4, og var svært nøgd med det!

Når eg på sykkelen kom ut i løypa til Bergen-Voss rittet var dette såpass seint på dagen at syklistane eg traff sykla relativt seint. For meg vart dette ein opptur då eg kunne passera 100 vis av syklistar oppover mot Kvamskogen. Etterkvart vart nivået på dei andre syklistane betre, og i staden for at eg passerte og sykla frå dei, vart dei liggande i vindskygge bak meg. Eine gongen eg snudde meg hadde en ca30 syklistar som kosa seg i dragsuget. Som triathlet har du ikkje lov å ligga nærare enn 15meter bak syklisten føre deg, og det visste dei å nytta seg av. Heilt greitt då det gav litt ekstra press på å halda farten oppe.  Må seiast at dette vart teke etter ca. 15 km på sykkel
Hadde bestemt meg for å testa noko heilt nytt ang mat og drikke (spennande). Drikka var normalt blanda Maxim Neutral, og maten var sjølvlaga "gel-bomber"* som eg skulle ta ein gong i timen. Dette fungerte forsåvidt greitt, vart ikke sur i magen, men "gel-bombene" smaka skikkelig vond, og når eg nerma meg Voss kasta eg den opp. Det gjorde at eg var vond i magen, og uvel siste 20km på sykkel, og starten av løpsetappen.
 Her på vei opp Skjervet, smilet kom av at det var nokre som spela musikk, og laga mykje liv i bakken.
Løpinga var ei rundløype på 5,3km på Voss som me skulle ta 8 ganger. Og for meg vart det ei stor mental prøving. Trudde faktisk ikkje eg skulle klara 1. runde, men tenkte ein fot føre den andre, bortetter, kom igjen, du kan ikkje bryta, ikkje gå, fortsett, fortsett... Så plutseleg hadde eg løpt 3 rundar slik, kjende at eg skulle klara løpa fleire. Fekk i meg litt væske på kvar runde, (Takk til arrangørar som var svært hjelpsame og oppmuntra meg til å ta til meg næring) og ein salttabelett på anna kvar. Fant ein roleg jevn fart, bruka ca30min på kvar runde, og etter som fleire kom inn og byrja løpe kunne eg få små oppturar når eg passerte dei i løypa.  Her er eg inne til passering, og kunne velge fritt blant eple, banan, New Enery, sportsdrikk, vatn, cola, peanøtter, chips, salttabelettar ++ Utruleg bra opplegg av arrangørane. Eg mangla ingenting, sjølv utan nokon form for eigen support!
Bestemte meg for å fortsatt halda litt igjen til sisterunde, og med litt hjelp av adrenalin fekk eg opp farten då, det var bra for det var ein som hadde jaga meg lenge, og tok meg igjen då det var 2km til mål. Eg bestemte meg for at eg ikkje skulle tapa ei plassering så nær mål, og auka tempoet. Han klarte ikkje halda fylgje, heldigvis. Sisterunden gjekk på 25min.  Ja nettopp fullt fokus når me er i bevegelse
Utruleg godt nøgd, 7.plass med tida 11:53
Alle resultat, klikk her *Gel-bombe: 4stk. måleskjeer Maxim Neutral oppi ein liten plastpose + 1/2 ts salt og itt vatn slik at det får ein geleaktig konsistens =KRAFTSTOFF! (hadde vore betre å tatt salttabelett utanom i staden for saltet oppi) |